4/15/2012

Coverage of the exhibition in Hallingdølen



























Tekst og foto: Tor Folgerø. Modellfoto: a-g-e-s
Velkommen til det nye Bygde-Norge 
Arkitektane Britt Sørlie og Mathias Harang har konstruert eit monster av ein bygning - ei høgblokk som kan romme ei heil bygd. Bygdebygningen er likevel eit hyggeleg monster, meiner arkitektane. Bygget er energiøkonomisk og berekraftig, og gjev bygda ein off entleg møteplass med urbane kvalitetar.
I påska var arkitektane på plass på på Geilo for å vise fram ein modell av megastrukturen. Utstillinga er å sjå på Turistsenteret ut april.

Småby i éin bygning
Bygdebygningen gjev plass til kring 5.000 innbyggjarar. I tillegg har bygningen alle funksjonar som vanlegvis er samla i ein tettstad.
– Ein kan sjå på Bygdebygningen som ein stor bygning som gjev plass til ein liten by. Det er såleis ikkje berre ein bygning, men ei rekonfi gurering av eit samfunn. Alle tettstadfunksjonar er samla i éin megastruktur. Her kan folk bu, arbeide, og ha fritida si, seier Sørlie.
Ho arbeider med ein doktorgrad om Bygdebygningen ved Fakultet for arkitektur og biletkunst ved NTNU i Trondheim. Bygningen var i haust utgangspunkt for eit studentkurs på Geilo.