Tekst og foto: Tor Folgerø. Modellfoto: a-g-e-s
Velkommen til det nye Bygde-Norge
Arkitektane Britt Sørlie og Mathias Harang har konstruert eit monster av ein bygning - ei høgblokk som kan romme ei heil bygd. Bygdebygningen
er likevel eit hyggeleg monster, meiner arkitektane. Bygget er energiøkonomisk
og berekraftig, og gjev bygda ein off entleg møteplass med urbane kvalitetar.
I påska var arkitektane på plass på på Geilo for å
vise fram ein modell av megastrukturen. Utstillinga er å sjå på Turistsenteret
ut april.
Småby i éin bygning
Bygdebygningen
gjev plass til kring 5.000 innbyggjarar. I tillegg har bygningen alle
funksjonar som vanlegvis er samla i ein tettstad.
– Ein kan sjå på Bygdebygningen som ein stor bygning
som gjev plass til ein liten by. Det er såleis ikkje berre ein bygning, men ei
rekonfi gurering av eit samfunn. Alle tettstadfunksjonar er samla i éin
megastruktur. Her kan folk bu, arbeide, og ha fritida si, seier Sørlie.
Ho arbeider med ein doktorgrad om Bygdebygningen ved
Fakultet for arkitektur og biletkunst ved NTNU i Trondheim. Bygningen var i
haust utgangspunkt for eit studentkurs på Geilo.
Høgare enn Postgirobygget
Strukturen
har ei grunnfl ate på 150 X 140 meter – om lag på storleik med Bislett stadion.
Bygget er 145 meter høgt. Til samanlikning er Postgirobyg-get 111 meter høgt.
Me snakkar altså om ein bygning som vil vise att i
det norske bygdelandskapet.
Butikkar, servicebedrifter og off entlege kontor er
samla på grunnplan kring eit off entleg torg. Ein off entleg veg snor seg som
ein spiral frå grunn-planet og opp til toppen. Vegen bind saman dei ulike
funksjonane.
Oppover i etasjane er det bustadfelt. Det øvste
nivået er sett av til hytter og fritidsbustader.
– Det er som eit dalføre som er skrudd saman i éin
kompakt bygning, seier Sørlie.
Vil snu fl yttestraumen
Kvart år fl
yttar kring 5.000 menneske til Oslo, der det er eit sterkt press på
bustadmarknaden. Samstundes fører fl yttestraumen til at landsbygda over tid
blir avfolka.
– Bygdebygningen er eit svar på denne utfordringa.
Ved å sentralisere i distrikta kan me desentralisere nasjonalt, seier Sørlie.
Frigjer areal til urørt natur
Norge er
likevel eit av dei minst folke-tette landa i verda.
– Kva er poenget med å byggje høgblokker i dette
grisgrendte landet. Ein skulle tru at det var nok av plass til alle som ønskjer
ei bustadtomt?
– Jo, men kanskje er det betre å bu tett? Eg har vore
på Geilo i tre dagar no og opplever at fjellandsbyen er ein ganske tvilsam stad
å reise til, viss du ønskjer tilgang på urørt natur. Du får ikkje utsikt viss
du berre ser rett inn i veggen til naboen. Ved å byggje tett, kan me frigjere
areal til natur- og kulturlandskap, seier Mathias Harang.
Ifølgje Sørlie, er reaksjonane frå publikum at dei
synest det er inter-essant og spennande. Mange synest prosjektet har gode
løysingar når det gjeld arealbruk og miljø.
– Men det er eit kraftig brot med tradisjonell norsk
tettstadutvikling. Du er ikkje redd for at det berre blir ein utopi?
– Nei, eg trur dette tvingar seg fram i ei eller anna
form. Busetnadsmønsteret me har her i landet er ikkje bere-kraftig og er nøydd
til å fornyast, seier Harang.
Bygdebygningen er tenkt som ei ramme som gjer det
mogleg å vidareføre tradisjonell byggjeskikk i ein ny struktur. Det er ikkje
meininga at bygget skal ha ein einskapleg arkitektur, men setjast saman av
bustadfelt med individuelle særpreg.
Vil ikkje ha det som nabo
Harald Auve
er ein av dei som er innom og studerer modellen.
– Kunne du tenkje deg å bu i ei slik blokk?
– Eg ser heilt klart fordelar med å bu tett på
naboane. Eg trur det er både ei sosial og ei buform som er økonomisk rasjonell.
Men eg er usikker på om eg ville hatt noko slikt i nabolaget. Eg trur kanskje
ikkje det er realistisk at det kjem opp noko slikt på Haugastøl i mi levetid,
smiler han.
No comments:
Post a Comment